– Vi strekker oss for å gjere dette møtet lett tilgjengeleg for foreldre, og håper at flest mogleg vil kome på torsdag, seier Gro Abildsnes, kommunalsjef for Oppvekst, kultur og fritid i Bremanger kommune.
Hovudattraksjonen
Psykolog og forfattar Line Marie Warholm held føredrag om foreldrestress og tek opp temaet «robuste barn«, altså om at barn både toler motvind i livet, og tek med seg viktig kunnskap frå utfordringane. Med erfaring frå blant anna barne- og ungdomspsykiatrien og familievernet har ho eit breitt fagleg grunnlag for bøkene hennar om temaet.
Minimale hinder
Kommunen tilbyr både skyss og barnepass for føresette som treng det for å kunne kome på møtet.
– Vi vil ikkje at det skal vere nokre hinder for foreldre å delta. Vi strekker oss for å gjere det så lett som mogleg, seier Abildsnes.
Mange må reise langt for å vere med på slike felles foreldremøte. Ved å kombinere gjesteføredraget med musikkinnslag og premietrekning får foreldre utnytta reisa best.
– Vi vil også skape eit sosialt fellesskap med hygge, ikkje berre business, seier ho.
Trivsel på topp
I elevundersøkinga i 2024 er det målt låge mobbetal i kommunen. Det er eit resultat av mange målretta trivselstiltak i både skule og barnehage, blant anna PALS og IBOS (inkluderande barnehage- og skulemiljø).
Davik skule blei kåra til Noregs beste offentlege skulen i matte i 2024. Då peika driftssjef ved Davik oppvekst Helge Bakke til trivselstiltaka som ein grunn til dei gode karakterane.
Abildsnes vil inkludere foreldre og føresette i arbeidet for ein trygg og god kvardag for barna.
– Det viktigaste for oss er at barn og elevar trivst og har det bra i barnehage og på skule – aller helst at dei gler seg til kvar dag. Foreldra er den viktigaste aktøren i dette arbeidet og foreldremøte er ein god arena for å møtast, seier ho.
Foreldremøtet er torsdag 13. februar kl. 17.30–19.00 på Svelgen samfunnshus og er ope for alle føresette med barn i barnehage og på skule i Bremanger kommune.