Klart for 10 kilometer med ny asfalt

Det blir ny asfalt frå Elde til Davik.
Det blir ny asfalt frå Elde til Davik.
På vegen mellom Rugsund og Davik er det klart for ti kilometer med ny asfalt.

– Presis Vegdrift har jobba med under-entreprenørar gjennom sommaren med å legge til rette. Dei har skifta stikkrenner, jamna ut telehiv og gjennomført ei rekkje tiltak for å legge til rette for asfalt.

Det fortel Dagfinn Sande i fylkeskommunen. Som ansvarleg for Sunnfjord Nord har svelgaren ansvaret for driftskontrakten med den bergensbaserte entreprenøren Presis Vegdrift.

Mellom Elde og Davik
Det er på fylkesveg 616 mellom Elde og Davik det blir ny asfalt. Her har firmaet Presis Vegdrift reinska knausar og fjell, og slanka vegetasjonen i fjellsidene langs Sørsidevegen. 

Mykje er gjort for å utbetre vegen mellom Davik og Rugsund.

Før vinteren
Det er framleis uklårt når ein skal legge den nye asfalten. Dagfinn Sande fortel at det må asfalt-avdelinga i fylkeskommunen sjå på før dei bestemmer konkret tidspunkt.

– Er dei som bestemmer den praktiske gjennomføringa, fortel han.

Men det skjer så fort det er praktisk mogleg, og i alle fall før vinteren, som han seier. Då kjem det samanhengande topplaget på plass.

Ein arbeider med siste finpuss før topplaget med asfalt blir lagt på.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.