Husmangel: Inviterer grendelaga til dialogmøte

Det er mangel på hus i Bremanger kommune.
Det er mangel på hus i Bremanger kommune.

Det er husmangel i Bremanger, og særleg næringslivet merkar denne utfordringa når dei skal rekruttere nye tilsette. I denne omgang inviterer kommunen til dialogmøte med grendelaga om dette temaet.

Datoen er onsdag 26. november klokka 18.00 på rådhuset.

Svelgen med Langeneset i bakgrunnen.

Husbanken er inne
Tidlegare i haust var det dialogmøte med lokale entreprenørar og Husbanken om behovet for hus i kommunen. No går ein vidare og inviterer grendelaga til dialog om det same.

Ordføraren blir med på møtet, i tillegg kommunedirektør Tom Joensen, kommunalsjef Karl Vidar Førde og prosjektleiar for tilflyttarkontoret, Dag H. Nestegard.

Det førebelse programmet for kvelden ser slik ut:

  1. Hei og velkommen.
  2. Utviklingstrekk og rekrutteringspakken.
  3. Tilflyttarkontoret, info og status.
  4. Behovet for hus og kommunen si rolle.
  5. Grendelag og samarbeid.
  6. Spørsmål og svar.
  7. Eventuelt.