Under årsmøte på Bremanger Fjordhotell i Svelgen takka han ja til vervet. Med seg i det nye styret får han Geir Håvik, Espen Frøyen, Eirik Rylandsholm, Siri Grotle og Johnny Røys.
Ronny Ferstad er dagleg leiar i Ferstad Elektro som er ei kjend verksemd med lange tradisjonar i Bremanger. Ronny Ferstad er fjerde generasjons elektrikar som går heilt tilbake til Karl Nigardsøy som bygde linjer på den tida det knapt fanst straum.
Ny giv
Det er ingen løyndom at Tonny Grotle lenge var ei drivande kraft for Bremanger Næringsråd. Då Grotle døydde under tragiske omstende, fall Næringsrådet litt saman. Men no er dei i gang igjen. Ronny Ferstad seier det er viktig at næringslivet i kommunen har et talerøyr:
– Det kan vere i politiske saker som handlar om behova til næringslivet. Det er for tida store behov for tilgjengelege nærings og bustadtomter i kommunen. Nærlingslivet etterspør også framdrift når det gjeld Svelgen-Indrehus, samt tilgang til straum, spesielt i Kalvåg. Det er viktig for næringslivet å ha eit eige forum der vi kan møtast og snakke om korleis vi saman kan bidra til å utvikle næringslivet på kysten, seier han.
Appell frå Inviro og ordføraren
På årsmøte i Svelgen heldt Øystein Nes frå Inviro på Nordfjordeid innleiing. Nes snakka om erfaringar frå Nordfjord der næringsaktørar har samarbeidd med kommunar og andre for å få til noko lokalt i regionen.
Deretter heldt ordførar Anne Kristin Førde ein kort appell. Ho la vekt på at det er viktig for dei folkevalde å få innspel frå næringslivet i ulike saker. Deretter slo ho eit slag for
Nordfjordtreffet som skal vere i Svelgen i mars. Dette er Nordfjords største nettverks- og rekrutteringsmesse. Ordføraren sa at her bør ein verkeleg vise kva Bremanger næringsliv har å tilby.
Strategi før sommaren
Ronny Ferstad seier etter møte at oppdraget frå årsmøte er klart.
– Styret skal jobbe med ein strategiplan fram mot nytt medlemsmøte til sommaren. Det er eit arbeid vi ser fram til, avsluttar han.