Inviterer til dansekurs og konsert

Britt Pernille Frøholm er ein røynd musikar.
Britt Pernille Frøholm er ein røynd musikar.
Folkemusikarane Britt Pernille Frøholm og Ole Nilssen inviterer til dansekurs og konsert i Bremanger.

Den første konserten blir på forsamlingshuset Davang på Davik onsdag 15. april klokka 18.30. Den andre på Havlys i ytre Bremanger torsdag 16. april klokka 18.00.

Gratis inngang begge stadar.

Trekkspel og fele
Dei to musikarane spelar trekkspel og fele. Frøholm har spelt i Bremanger tidlegare, mellom anna på markeringa av utvandrarjubiléet på Kolset i fjor haust. Då spelte ho både hardingfele og flatfele til stor glede for dei frammøtte. Frøholm vaks opp i det sterke felemiljøet i Hornindal. Seinare gjekk ho på Ole Bull-akademiet på Voss, og Norges Musikkhøgskule i Oslo.

Ole Nilssen er frå Innlandet, og har tidlegare halde konsert i Svelgen kapell. Han spelar både toradar og trekkspel, og har også vore student på Norges Musikkhøgskule.

 

Begge er tilsette som distriktsmusikarar i folkemusikk i Sunnfjord kommune i Førde. No kjem dei saman til kysten for å spele i Bremanger.

Dansekurs først
Før konserten på Davik og Igland blir det eit kort dansekurs. Deretter kan folk svinge seg til musikken under konserten.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.