Elevundersøkinga om skule-og læringsmiljøet i 7. og 10. årstrinn, viser at elevane i Bremanger kommune ligg nær trivselstoppen i Vestland fylke.
Det er NRK som melder dette.
Jamt over har elevane i Vestland det like bra som elevar i resten av landet. Landsgjennomsnittet ligg på 4,1 for 7. trinn, og 4.0 for 10. trinn. Toppscore er 5.
Bremanger på topp tre
Går ein inn i statistikken for kvar kommune, er det relativt store variasjonar i kor godt elevane i fylket trivst på skulen. Dei mest fornøgde 7.-klassingane bur i Eidfjord i Hardanger med eit snitt på 4,5. Tett bak ligg Bremanger (4,4) og Austevoll ved Bergen (4,3).
I motsett ende av tabellen finn ein Solund (3,3) medan Vaksdal, Sveio, Fedje og Fitjar landar på 3,7.
Ser vi på 10. trinn, finn vi dei mest nøgde elevane i Aurland (4,5), medan Ullensvang ligg på botn med 3,7. Fleire andre kommunar, som Bømlo, Bjørnafjorden og Voss ligg på 3,8.
13.520 vestlandselevar har svart på undersøkinga du kan lese om i statistikken frå Utdanningsdirektoratet. Her finn du også tal frå andre delar av landet.