Bygutar flytta til Bremanger

To unge vaksne menn står oppstilt saman og smilar lurt til kamera.
Martin Steffensen (25) og Petter Aarseth (28) er begge nytilsette lærarar på Davik oppvekst.

Ålesundaren Petter kjente eit sakn tilbake til Vestlandet etter han fullførte mastergrad i historie og vidare lærarutdanning i Trondheim. Det var arbeidsmoglegheita som gjorde at han valde Davik, der besteforeldra vaks opp. 

Det var mange ledige stillingar i oppvekstsektoren i Nordfjord, og det var naturleg å ta imot stillinga på Davik, då eg allereie kjenner området godt frå feriebesøk i oppveksten. 

Det var kjærleiken som fekk Martin frå Bergen til Bremanger. 

Med ferdig lærarutdanning og erfaringar frå byen ser han fram til arbeidet på ein ny skule. Han og kjærasten kjøpt eige hus ilag i Rugsund.

Ei omstilling

Bygutane fortel at det var ei omstilling å flytte ut av byane. 

At det ikkje går buss kvart 15. minutt er ein stor forskjell, fortel Petter. 

– Ja, og at det ikkje er ein butikk i nærleiken måtte eg bli vand med, seier Martin. 

Andre ting er ikkje så forskjellig. Dei tok begge med seg ein aktiv kvardag frå storbyane. Martin joggar i kvardagane, og Petter spelar fotball kvar torsdag. 

Skulekvardagen

Ålesundaren likar godt å arbeide med unge elevar. 

Eg føler eg gjer ein forskjell for elevane, og at eg fyller ein viktig rolle i kvardagen deira som lærar. 

Bergensaren er einig. 

Det er spennande å sjå effekten av arbeidet mitt i elevane mine, spesielt på ein liten skule der eg kan følgje opp kvar elev. Han tykkjer han klarar å halde meir ro i klassen, og har lettare for å tilpasse undervisninga her enn i Bergen. 

Det beste med å jobbe med ungar er variasjonen i kvardagen dei lagar, seier Martin. 

Borna skaper ein uføreseieleg kvardag, og det meiner eg positivt altså! 

Del innlegget

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.