BUA er ei nasjonal ordning som har eksistert sidan 2016. Ordninga fungerte fint lenge, men fekk seg ein knekk under covid-pandemien. Men livet går vidare, og i dag er dei igjen i fint driv.
BUA er forkorting for barn og ungdom i aktivitet.

Bodil S. Edvardsen er dagleg leiar i Bremanger Frivilligsentral.
Sosial ordning
Ordninga er tenkt for barn og unge som kanskje ikkje har økonomi eller foreldre som tenkjer så mykje på tur og fritid. For nokre år sidan kom ordninga med BUA inn som fast post på budsjetta til Bremanger kommune.
– Planen framover er å reise på tur med tilbodet i kommunen. Vi har mange skular, og dei skal få besøk av BUA, fortel Edvardsen. Ho legg til at dei også vurderer å etablere satellittar i kommunen, men at det spørsmålet så langt ikkje er heilt avklart geografisk og økonomisk.


Ukrainske Vova er også frivillig.
Har det meste
Då vi besøker BUA Bremanger på rådhuset i Svelgen blir vi slått av alle tilboda. Her er det syklar og rulleskøyter, telt og det som måtte vere for å dra på tur. Tilbodet er mangfaldig. Dei har hylle på hylle med utstyr du kan kome og låne.
Opningstida er tysdag til torsdag 14.30 til 17.00. BUA held til i kjellaren på rådhuset, og du når dei gjennom døra frå sjøsida.
Vil du ha meir informasjon om BUA kan du gå til denne nettsida:
BUA Bremanger – lån gratis utstyr til aktivitet og friluftsliv… | BUA
Det er og mogleg å finne oss på Facebook og Instagram.

BUA held til i Svelgen, men har ansvar for heile kommunen.