Det er Bremanger kommune, Kystverket og rådgjevingsselskapet Norconsult som inviterer til informasjonsmøte om planane.
Folk har venta lenge på denne utbygginga, og no skjer det.
Byggestart i august
Kystverket startar bygginga av ei ny fiskerihamna i august. Hamna blir den einaste sør for Stad som er prioritert i Nasjonal transportplan. Prosjektet, der Norconsult er engasjert som rådgivar, vil få stor betydning for kystfiskeflåten i regionen.
Hamnesjef i Bremanger kommune, Monica Sande, understrekar kor viktig tiltaket er for lokalsamfunnet:
– Når staten vel å prioritere Kalvåg så høgt, er det ei anerkjenning av verdiskapinga som skjer her. Så dette er ikkje berre ei utbetring av ei hamn; det er ei investering i framtida for kystsamfunnet vårt.

Skissa viser kor den nye hamna er tenkt plassert.
Hatt problem lenge
Kalvåg har lenge hatt utfordringar med mangel på liggeplassar, og lite tilgjengeleg næringsareal for fiskarane. Den tidlegare liggehamna vart omgjort til turist- og fritidsbåthamn, og mange fiskarar har måtta ligge i andre hamner utanfor Kalvåg. Dette har gitt ekstra kostnadar, og redusert rekruttering til yrket som fiskar.
Kort anleggsperiode
Ifølgje analysar frå Menon Economics vil ei ny fiskerihamn kunne snu denne utviklinga. Om lag ti nye fartøy har signalisert at dei vil flytte til Kalvåg når ny hamn er etablert. Dette vil gje auka aktivitet, meir landing av fangst og nye ringverknader for lokalsamfunnet.
Anleggsperioden er berekna til 1-2 år.