Den første konserten blir på forsamlingshuset Davang på Davik onsdag 15. april klokka 18.30. Den andre på Havlys i ytre Bremanger torsdag 16. april klokka 18.00.
Gratis inngang begge stadar.
Trekkspel og fele
Dei to musikarane spelar trekkspel og fele. Frøholm har spelt i Bremanger tidlegare, mellom anna på markeringa av utvandrarjubiléet på Kolset i fjor haust. Då spelte ho både hardingfele og flatfele til stor glede for dei frammøtte. Frøholm vaks opp i det sterke felemiljøet i Hornindal. Seinare gjekk ho på Ole Bull-akademiet på Voss, og Norges Musikkhøgskule i Oslo.
Ole Nilssen er frå Innlandet, og har tidlegare halde konsert i Svelgen kapell. Han spelar både toradar og trekkspel, og har også vore student på Norges Musikkhøgskule.

Begge er tilsette som distriktsmusikarar i folkemusikk i Sunnfjord kommune i Førde. No kjem dei saman til kysten for å spele i Bremanger.
Dansekurs først
Før konserten på Davik og Igland blir det eit kort dansekurs. Deretter kan folk svinge seg til musikken under konserten.