Ivar og Ingvild trivst på babytreff

Babytreff i Svelgen.
Babytreff i Svelgen.

Ivar på ni månadar og Ingvild på fire trivst godt på babytreff i Svelgen. Vi møter dei to saman med mødrene på samfunnshuset ein dag i oktober.

Ingrid, som er mammaen til Ivar, fortel at babytreffet til Sanitetskvinnene blir sett pris på av nybakte mødrer i smelteverksbygda.

Søskenbarn

Det er fint for dei små å vere i storstova i bygda. Christiania Spigerverk gav samfunnshuset som gåve til folk i Svelgen, og dei seinare åra er bygget pussa opp.

Ingrid Havnen og Maja Erlandsen har barn med kvar sin bror. Smårollingane på golvet er dermed søskenbarn. Ingrid er frå Førde og bur på Indrehus. Maja kom til Svelgen som trainee på Elkem og bur i Svelgen.

Ingrid er utdanna barnehagelærar og Maja er ingeniør. Begge fedrane til dei små er frå Svelgen.

Ingrid Havnen (t.v.) og Maja Erlandsen er takknemlege for initiativet frå sanitetskvinnene.

Mødrene har flytta hit

Sanitetskvinnene har arrangert babytreff fleire gonger, og det er dei som betaler for leige av lokale.

– Det er vi takknemlege for, seier Ingrid. Ho legg til at dei ofte handlar lunsj hos bakaren før dei går til babytreffet på samfunnshuset.  

Treffa er regelmessige og ungane er med frå dei er ein månad gamle. Slik sett er vesle Ivar på ni månadar nærast for veteran å rekne i denne samanhengen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.