Lokasjonsutviklar Renate Wulf Fyllingen i Eviny seier i ein e-post at dei beklagar nedetida. Samstundes håpar ho kundane blir meir fornøgde etter oppgraderinga.
Den nye stasjonen får betre effekt, fleire måtar du kan betale på og ei meir brukarvenleg oppleving.

Skisse av den nye stasjonen.
Fleire val
Fyllingen fortel at dei har fjerna alle dei gamle ladarane, og sett opp eit nytt Kempower anlegg med fem ladepunkt:
- To av ladarane får både chademo og CCS plugg. Her kan ein få inntil 300 kW på CCS pluggen.
- Tre av ladarane har berre CCS plugg. Her kan ein få inntil 400 kW på CCS pluggen.
- Alle ladarane får betalingsterminal.
- Ein kan starte lading og betale i appen Bilkraft, med ladebrikke, gjennom Vipps eller på betalingsterminalen.

Montør Thomas Walaker frå AF Elkraft trivst godt i Svelgen.