Nyopna skuleskog på Davik

Kvinne klipper over ei sløyfe. Kring seg har ho fleire born som ser på.
Ordførar Anne Kristin Førde erklærer skuleskogen på Davik for opna.
Dei sju elevane i 5. klasse på Davik oppvekst har jobba med prosjektet i heile år, og er no nesten i mål.

Skuleskogen på Davik ligg berre eit steinkast frå skulen, og er eit område som har vore mykje brukt av både barnehagen og barneskulen i mange år. For om lag 20 år sidan vart det av elevar ved skulen bygd to hytter i skogen, der det også er bålplass og ei fin elv som er kjekk å leike i.  

– Trengte litt kjærleik

– Hyttene har med tidas tann fått hard medfart og har sett ganske ruskne ut dei siste åra, og har trengt litt kjærleik. Då eg tok over 5. klasse i haust, tenkte eg at det kunne vere eit fint prosjekt for dei i kunst og handverk, fortel lærar ved Davik oppvekst, Siriann Borgund.

Ho fortel vidare at dei byrja med å vurdere kva dei kunne gjere med hyttene. Deretter sendte elevane inn søknad om støtte til ulike bedrifter i området.

– Takka vere god økonomisk støtte frå Ode og Aardalsbakke AS, har vi kunne rive ned hyttene heilt inn til stenderverket og bygd dei opp att med nye asfaltplater, lekter og kledning. Aardalsbakke har også vore med på synfaring og hjulpe oss med bestilling av materiale. 

Nesten i mål

5. klasse, som er ein rein guteklasse på sju elevar, har jobba med prosjektet i heile år, og er nesten i mål. Det er riktignok meir arbeid som trengst, mellom anna litt småplukk med hjørnebord som skal kome på plass før sommaren.

– I tillegg må taka reparerast og ein vil trenge litt møblar til å ha inne i hyttene, men dette blir eit prosjekt for neste skuleår, seier Siriann.

Men trass i at det står att litt arbeid, var dei såpass klare at det vart invitert til nyopning av skuleskogen, kor ordførar Anne Kristin Førde kom og klipte snora. Barnehagen, skulen, sponsorar og bygdefolket vart invitert til opningsfest med bålmat, kaker og kaffi/saft.

Natta før opninga fekk elevane overnatte i skuleskogen, nokre i hengekøye og nokre inne i hyttene.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.