Møt isa blu frå Bremanger og Berle

Isa blu er artistnamnet til Isabell Jørgensen.
Isa blu er artistnamnet til Isabell Jørgensen.
Isabell Førde Jørgensen er det nye musikalske stjerneskotet frå Bremanger. Siste helga i juni spelar ho på festivalen Bølgebrus i Nordfjord.

Bølgebrus er ein festival som blir arrangert på øya Silda ved Måløy. Ingebjørg Bratland kjem fredag 26. juni. Same kvelden spelar det norske landslaget VM-kamp mot Frankrike, og den kampen blir vist på storskjerm. Meir om det seinare. Dagen etter kjem isa blu på scena for å spele for publikum på øya i havgapet.

I juli kjem ho til Rockweekend på Iglandsvik.

100.000 avspelingar på Spotify
At isa blu er invitert til desse festivalane, er ikkje overraskande. Så langt har ho slept to låtar på Spotify. Den eine har over 100.000 avspelingar, og den andre over 30.000.

– Fredag 19. juni kjem det ein tredje låt, fortel ho.


Isabell fortel at ho budde dei første åra i Danmark før familien flytta heim til Bremanger. Då blei det nokre år i Førs, i det området der forsamlingslokalet Vidsyn er. Etter at foreldra overtok garden til besteforeldra i Berle, reknar ho Berle som heime dei gongene ho er vestover.

Saman med mannen, Karl Erik Jørgensen, bur ho i Oslo. Dei skriv også musikk saman. Samarbeidet kan minne om det forholdet Eva Weel Skram har til sin mann, som er musikar og produsent.

McCartney-skulen i Liverpool
Før ho kom til Oslo gjekk ho på musikklinja på Firda, og eit år på Trøndertun Folkehøgskule der ho møtte mannen sin.

Det er mykje å seie om Trøndertun, mellom anna det faktum at frontmannen i Stage Dolls, Torstein Flakne, vaks opp der fordi faren var rektor. I desse VM-tider er Flakne igjen aktuell med songen «Alt for Norge».

For Isabel gjekk ferda vidare til LIPA (Liverpool Institute for Performing Arts), skulen som er grunnlagt av sjølvaste Paul McCartney frå Beatles.

– Eg såg han så vidt på LIPA ein gong då han var på veg inn i ein heis, ler ho.

Isabell på LIPA i Liverpool.

Base i Oslo
Og reisa gjekk vidare frå England, denne gong til Oslo og studiar på Westerdals. Studiet etter Westerdals heitte «Music Business», og handla generelt om musikkbransjen.

– Vi lærte om ulike delar av bransjen, starta eigne plateselskap og jobba med artistar. Eg valde studiet fordi eg ønskte å forstå meir av korleis musikkbransjen fungerer, fortel ho. 

Drøymande med distinkt vokal
Stilen hennar er drøymande, kanskje med eit islett av britpop. Gjennomført og med ein god og distinkt vokal med tydeleg identitet og særpreg. Ho har blitt samanlikna med amerikanske Billie Eilish.

Når vi seier at songane hennar tidvis kan minne om den canadiske artisten Joni Mitchell, er ho glad for det komplementet:

– Kjekt å blir samanlikna med ei så kul dame. Joni Mitchell var ein av dei første damene som skreiv sine eigne songar, så den samanlikninga er eg glad for, seier ho.

Isabel gifta seg med mannen, Karl Erik, i Bremanger i 2022. Då fekk dei låne ein raud Corvette til bryllaupet. Dette er bakgrunnen for pressebilete med ein liknande raud amerikanske sportsbil. Foto: Ingrid Marie Slettemoen.

Øyafestivalen og Badefestival
I fjor spelte ho på «under Øya-tirsdag». Det var på hovudscena til SALT i Oslo sentrum. Dette er Øya sitt klubbprogram for nye artistar.

Denne sommaren blir det Silda og Rockweekend, men også Balestrand Badeklubb Festival som Kjartan Lauritzen arrangerer i Sogn.

Til sist spør vi om Oddny, og dei er ho veldig glad i:

– Eg var på konsert med dei i Jakobs kyrkje i Oslo. Då song heile kyrkja med på klingande bremangerdialekt. Det var både sterkt og rørande. Eg høyrer mykje på Oddny.

Fleire frå Bremanger
Isabel gjekk i klasse med trommeslagar Oliver Igland både i Bremanger, og på Firda. I bandet sitt har ho med Nora Klungresæter, også frå Bremanger, på tangentar. Vil du høyre isa blu live, kan eit tips vere å reise til Silda siste helga i juni eller til Iglandsvik i juli.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.