Vi møter han ein sommardag i sentrum etter jobb. Martin vaks
opp på garden Førde i Ålfoten der foreldra driv Hjortegarden.
Etter vidaregåande på Firda på Sandane, og idrettslinja der, fall
valet hans på Svelgen.
Fast jobb hos Elkem
Som skiftarbeidar på Elkem Bremanger tener han gode pengar,
og har kjøpt seg leilegheit i Langeneset. Husprisane er som
kjent låge i Bremanger samanlikna med andre kommunar.
Fritida går med til trening, og ein del reising. I friperiodane blir
det nokre turar.
– Eg reiser til Bergen eller Oslo med kompisar, og gjerne
lenger om høvet byr seg, smiler han.
Arbeidsmiljøet på smelteverket er ungt og sosialt, og no tar
han fagbrev som prosessoperatør. Det betyr at han jobbar
med det som mange er fascinerte av, nemleg flytande metall
og høge temperaturar.
– Vi tappar kvar omn annankvar kvar time, og passar godt
på kvarandre. Det eg likar aller best er likevel det gode
sosiale miljøet på Verket, seier han.
Tar fagprøva
På dørken inne på omn II-IV køyrer han truck og tappar ein av
dei to smelteomnane, eller han arbeider på anna vis i
produksjonen på smelteverket som ligg i enden av Nordgulen.
Fagbrevet tar 48 månader. Den prøva skal han ta som privatist
for han har planar om å vere lenge i Svelgen.