Difor inviterer kultursjef Norvall Klungresæter til samling i Heimen på Hauge søndag 22. mars. Dette er dagen for utdeling av prisane i Operaen i Bjørvika i Oslo. NRK sender direkte.
– Klart dette må markerast. Er ikkje ofte vi har fire nominasjonar frå Bremanger i dette selskapet, smiler Klungresæter.

Oddny har gjort det godt dei siste åra. Her frå Gamlehuset i Bremanger.
Fire nominasjonar
Frontmann Iver Strand Senneset i Oddny er nominert i to kategoriar. Den eine er «Årets låtskrivar» og den andre «TONOs Tekstforfattarpris».
Dei to andre nominasjonane frå kommunen står Aksel Arvid Hauge for. Også han frå ytre.

Gjennom samarbeidet med britiske PinkPantheress er Aksel Arvid nominert i kategorien for «Årets internasjonale suksess». Han er også nominert i klassen for «Årets Produsent».
Om det blir prisar til Bremanger av desse nominasjonane er i skrivande stund uvisst. Sikkert er det i alle fall at bygdefolket er inviterte til Heimen på Hauge søndag 22. mars for å følgje med på NRK-sendinga direkte frå Operaen i Bjørvika.
Vel møtt!