Mats er tømrar i eit firma med base i Måløy. Så han er stadig på farten i området. Ida er sjukepleiar og arbeider i Bremanger kommune.
Frå Hennebygda
Ida kjem frå Hennebygda i Stad kommune, og kjenner godt kulturen i Nordfjord. Utdanninga har ho frå sjukepleiarhøgskulen i Førde, og nokre år jobba ho på Nordfjordeid. I vår blei det skifte av arbeidsgjevar til Bremanger kommune, og rådhuset i Svelgen.
– Det går fint å pendle til og frå Ålfoten, smiler ho.
Aktive Ålfoten
Ålfoten LivOGLyst er det kanskje fleire som har høyrt om. Dette er ein del av ei større satsing fylkeskommunen har sett i gong. Målet er å skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna i fylket.
Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar. For Ålfoten sin del har prosjektet ført til ny aktivitet på fleire plan i den idylliske bygda.
Mats og Ida bur på heimegarden til Mats i det området som heiter Vik.
– Vi har bygd hus nede ved fjorden, og har det fint der, fortel Ida.
Barnevenleg bygd
Dei to nordfjordingane har eit barn på tre år, og seier det er godt å bu og leve i Ålfoten. Her har dei skule og barnehage, tilgang til fjord og fjell og hjortejakt.
– Vi har ikkje dei same tilboda utanfor døra som i Oslo og Bergen. Men vi har andre kvalitetar. For ein småbarnsfamilie som oss, er dette faktisk viktigare, forklarar Ida.
Ålfoten er kjend for sosiale og kjekke folk. Bygdefolket kjem ofte saman enten det er for å markere at det er 70 år sidan den store kraftutbygginga slik tilfellet var i fjor, eller dei kjem til radiobingo på butikken. Og det er på ingen måte stagnasjon i denne bygda med utsikt til Ålfotbreen.
Sogn og Fjordane Energi har to store kraftverk i Ålfoten, og har varsla ei svært ny utbygging av Øksenelvane. Oppstart av anleggsperioden er planlagd hausten 2025.
For familien i Ålfoten ser framtida lovande ut.