Meir viser og lyrikk i Øyratunet

Øyratunet er frå 1860-talet.
Øyratunet er frå 1860-talet.
Torsdag 3. desember kl. 20.00 er det igjen klart for viser og lyrikk i Øyratunet i Svelgen.

Huset er det eldste i industribygda, og eigd av kommunen.

Får arrangementet i fjor. Foto: Renate P. Johnsen.

Øyratunet blei bygd ved inngangen til den amerikanske borgarkrigen, utan at dei to hendingane har noko med kvarandre å gjere.

Namnet øyra kjem frå det norrøne ordet eyrr, som betyr eit flatt område skapt av sand og grus ved ei elvemunning. Namnet på huset fortel om landskapet og gardssamfunnet i Nordgulen før Svelgen blei ein industristad. Før utfyllinga av sentrum, med slagg frå smelteverket, gjekk fjæra nesten heilt opp til huset der arrangementet skal vere.


Det blir dikt, det blir viser og det blir gratis inngang frå klokka 19.30 i det gamle huset på Øyra.

Gro Abildsnes og Norvall Klungresæter. Foto: Renate P. Johnsen.

Same procedure as every year
Det er snart eit år sidan ein hadde eit liknande arrangement same stad.

Den gongen var det Gro Abildsnes, Norvall Klungresæter, Renate Johnsen, Raimund Hoclas og Dag H. Nestegard som stilte ut bilete, las dikt og song viser.

Det blir same mannskap i år som i fjor.

Eller som dei seier i Grevinna og hovmeisteren: – The same procedure as every year, James!

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.