Onsdag 11. februar er det karrieremesse i Grieghallen i Bergen.
Gode Bremanger er der for å fortelje om Rekrutteringspakken, og mykje anna frå kommunen vi bur i.
Framtidsfylket er arrangør, og her kan du melde deg på:
Ta steget – Karrieremesse 11. februar | Framtidsfylket

Grieghallen er plassen å vere onsdag 11. februar.
Messa er frå 10.30 til 16.00
Organisasjonen Framtidsfylket er hovudsakleg eigd av næringslivsaktørar frå gamle Sogn og Fjordane. Oppdraget er å rekruttere fleire unge til regionen. No inviterer dei til samling i Bergen.
Messa i Grieghallen går får klokka 10.30 til 16.00 den dagen.

Salong Nina er i andre etasje.
Eige arrangement for Bremanger
Etter at messa til Framtidsfylket er over, inviterer Bremanger kommune til eige arrangement i Salong Nina som ligg i andre etasje i Grieghallen. Nina skal ha vore kona til komponisten Edvard Grieg, men det visste du kanskje?
I Salong Nina blir det enkel servering frå klokka 16.00, og eige opplegg for dei som kjem.
I skrivande stund arbeider vi med programmet for denne seansen. Informasjon kjem når ting er meir klart. Uansett blir det kjekt å møtast.
Vi håpar du tar turen!

Grieghallen i Bergen sentrum.