Bremanger er med i det interkommunale utvalet mot akutt forureining i Nordfjord, forkorta IUA.
Her er lenke til den nye nettstaden: https://iuanordfjord.no/

Aksjonsplikt
På nettsida får du informasjon om beredskap, og det som i juridiske termar blir kalla aksjonsplikt. Det betyr at både folk og organisasjonar har plikt til å varsle om dei ser akutt forureining.
Kommunane i Nordfjord er pålagde samarbeid om beredskap gjennom IUA. Og det finst liknande IUA fleire andre stadar i landet. Føremålet er å sikre eit heilskapleg perspektiv som styrkar den kommunale beredskapen mot akutt forureining.
Alle dei fem kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Stryn og Gloppen er med.

Kontaktpersonar
Hamnesjef Monica Sande i Bremanger er dagleg leiar for IUA Nordfjord. Ho har e-post: Monica.Sande@bremanger.kommune.no
Telefon: 994 39 290
Geir Petter Hatlenes er operativ leiar.
E-post: geir.hatlenes@stad.kommune.no
Telefon: 979 90 434
