Pengedryss til frivillige

BUA fritidsaktivitet Bremanger
Fleire frivillige organisasjonar i Bremanger får pengar frå næringsfondet og Guleslettenefondet, og frå den årlege tildelinga denne våren. - Strandhallen på Ryland får 100.000 kroner, og Rockweekend og Farmen LivOGLyst 50.000 kvar, fortel ordførar Anne Kristin Førde.

Det er  kommunen som tildeler pengar etter innsendte søknadar frå organisasjonslivet.

Tre ulike tildelingar

Denne gongen er det 15 aktørar som får prosjektmidlar frå næringsfondet, og 20 frå Guleslettenefondet som er finansiert av bergenske Eviny som eig og driv vindmøllene på Guleslettene. I tillegg får organisjonar for barn og ungdom sitt årlege tilskot frå kommunen.

Samla mottar nesten 50 aktørar i Bremanger støtte frå kommunen i denne omgang.

Mange søkte

Total kom det inn søknad om nesten 1,3 millionar til næringsfondet. 355.000 kroner er deretter delte ut.

Til Guleslettenefondet kom det inn søknad om godt 1,4 millionar, og her er 120.000 kroner tildelte.

I årlege tilskot organisasjonar for barn og ungdom er det gitt totalt 200.000 kroner.

Dermed har kommunen innvilga 675.000 kroner til dei frivillige i Bremanger denne våren.

Tabell 1: Tildeling frå næringsfondet.

OrganisasjonFormål med midlaSøknadssumTildeling
STIFDeltaking i NM regionsamling U16kr 13 500kr 10 000
Ingrid HavnenBarseltreff for småbarnsforeldrekr 5 000kr 5 000
Henny HansenKorpsdeltaknig NM kr 5 000
Opplev BremangerRockweekend 2025kr 100 000kr 50 000
Davik IdrettslagTreningssenter Farmen – LivOGLyst prosjektkr 50 000kr 50 000
Keipen turlagJubileumstur til Vingenkr 30 000kr 15 000
Kolset Krins UtviklingslagGapahuk Gloføkkr 70 000kr 20 000
STIFSøknad om støtte til deltaking i aldersbestemt Volleyball NM – Våren 2025kr 20 000kr 20 000
Pensjonistforbundt BremangerLavterskel trimtilbod for eldre i ytre Bremangerkr 36 000Har fått midlane tidlegare.
Svelgen samfunnshusNytt lydanlegg Svelgen samfunnshuskr 20 000kr 10 000
Elevrådet – Svelgen oppvekstTrivsel på ungdomsskulen – innkjøp av airhockey, biljardbord, bordtenniskr 20 000kr 15 000
Ryland GrendalagRuste opp Strandhall – Rylandkr 825 000kr 100 000
Musikkteateret Bella og Solla og PerTribune til Musikkteateret Bella og Solla og Perkr 50 000Har fått 100 000 tidlegare.
Haugefisk vennerInvitasjon frå museet på Shetland – opning av Prins Olav`s Slippenkr 50 000kr 25 000
Oddnymusic SennesetUtøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen musikk – Turnèkr 80 000kr 30 000

Tabell 2: Tildeling frå Guleslettenefondet.

OrganisasjonFormål med midlaSøknadssumTildeling
Hilde MyklebustAktive fredsreiser – 2010 kullet – Svelgen oppvekstkr 10 000Midlar frå anna ordning
Bremanger idrettslagDeltaking på Nordfjordcup for G14-Laget Bremanger handballkr 7 394kr 5 000
STIFInnkjøp av minibusskr 100 000kr 55 000
Kalvåg SkulemusikkMidlar til øvingshelg/seminarhelg med avslutningskonsertkr 37 500Årlig støtte
Troda 4HStøtte til å arrangere Kystleiar i friluftslivets år 2025kr 15 000kr 10 000
Kulturhuset HeimenAktivitet i Kulturhuset Heimenkr 40 000Har fått driftsstøtte
Ryland GrendalagVedlikehald av grendahuset Strandhallkr 825 000Tildelt prosjektmidlar
KolsetKrins UtviklingslagBygging av gapahuk – Gloføkstrandakr 50 000Tildelt prosjektmidlar
Leirgulen idrettslagOppgradering av Blålidflakenkr 20 000kr 10 000
FAU Kalvåg oppvekstMidlar til leikeapparatet Søve Theakr 50 000kr 15 000
Håvard NordvikKonsert Bremanger Kyrkje 2.november – Ensemble Nordlyskr 10 000Utanfor tildelingskriterie
Davik IdrettslagTreningssenter Farmen Davikkr 50 000Tildelt prosjektmidlar
Keipen TurlagInkluderande friluftsliv for born og unge – Opptur på Knekkevasshytta 8.trinnkr 20 000kr 15 000
Svelgen SamfunnshusInnkjøp av lydustyrkr 20 000Tildelt prosjektmidlar
Elevrådet Svelgen oppvekstInnkjøp av airhockey, biljard og bordtenniskr 20 000Tildelt prosjektmidlar
Svelgen skulemusikkArrangere seminar for musikantanekr 20 000Får årlig støtte
Oddnymusic SennesetUtøvende kunstnere og underholdningsvirksomhet innen musikk – Turnèkr 80 000Tildelt prosjektmidlar
STIFDeltaking i aldersbestemt volleyball – NMkr 20 000Tildelt prosjektmidlar
FAU Svelgen oppvekstTilbod om gratis frokost på Svelgen oppvekstkr 10 000Utanfor tildelingskriterie
Krunhjorten 4HMidlar til restaurering av naustkr 10 000kr 10 000

Tabell 3: Årlege tilskot til barn og ungdom.

Tilskot til organisasjoner med Barn og ungdom
Smalsarhorn skulemusikk10355025 000
Davik musikklag10163525 000
Ålfoten musikklag10325125 000
Bremanger skulemusikk10084325 000
Kalvåg skulemusikk10226725 000
Svelgen skulemusikk10278525 000
Røde kors ungdom10405610 000
ECCO10395110 000
Kronhjorten 4 H10080910 000
Troda 4 H10410010 000
Barnas turlag10184610 000
Sum: 200 000