Sesongstart for Vingen

Ein mann i t-skjorte sit på huk framføre den store helleristninga av ein hjort i Vingenfeltet. Foto.
Helleristningsfeltet i Vingen har opna for sommaren. Frå 20. juni og til 22. august kan turistar som vil besøke bergkunsten melde seg på båttur med guida omvising.

Vingen har nasjonal verdi, og vi forstår godt at folk vil sjå teikningane. Samtidig er dette fleire tusen år gamal kunst. Dermed er det viktig at besøka går føre seg i organiserte former, seier Norvall Klungresæter som er kultursjef i Bremanger.

Eit skattkammer ved Frøysjøen

Helleristningsfeltet i Bremanger kommune er eitt av dei største og mest særmerkte helleristningsfelta i Nord-Europa.

Vingen er rekna som eit kulturhistorisk skattkammer med over 2.000 figurar hogde inn i berget, mange av dei over 5.000 år gamle. Besøkande kan sjå mystiske symbol og menneske- og dyrefigurar som framleis vekkjer undring og fascinasjon.

Båt frå Florø og Smørhamn

Turane til Vingen går kvar fredag. 

  • Avreise med båt nordgåande frå Florø kl. 16.05.
  • Stoppar i Smørhamn kl. 16.39.
  • Ankomst Vingen ca. kl. 17.05.
  • Retur frå Vingen til Smørhamn og Florø ca. kl. 18.50.

Pris:

  • Båt tur/retur
    • Vaksne: kr 250,-
    • Born (5–16 år): kr 125,-
  • Guida omvising i Vingen
    • Vaksne: kr 350,-
    • Born (5–16 år): kr 175,-

Billettar og meir informasjon får du ved å kontakte Servicekontoret på Rådhuset i Svelgen.

Dersom det ikkje passar å reise på ein fredag kan du reise med ein privat tilbydar som til dømes Knutholmen i Kalvåg som også har tilgang på utdanna guidar, fortel kultursjefen. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.