Georgia kom frå Oxford

Mann og kvinne sit i ein sofa i ein veldekorert stove. Kvinna held rundt mannen og dei smiler til kamera. Foto.
Georgia kom til Bremanger for å jobbe på Havlys. Men så trefte ho Kristian, og blei gravid. No bur dei i Grotlevegen. – Vi stortrivst, smiler ho.

Georgia fortel at mor hennar er veninne med mor til ein av dei som driv Havlys, og at desse to veninnene bur i det sørlege Frankrike. Det var slik ho fekk tips om den ledige jobben på Igland.

– Eg er utdanna lærar og har reist ein del omkring. Då spørsmålet om Bremanger kom var eg i Skottland. Der fekk eg tilbod om å jobbe eit år på Havlys, og det sa eg ja til. Planen var å vere eitt år, men så møtte eg Kristian, og no skal vi ha barn, smiler ho.

Minner om Skottland

Vi treff ho og mannen Kristian Hauge heime i Grotlevegen. Folk i Bremangerbygda kjenner nok Kristian frå butikken på Hauge, og som ligg like ved.

For Georgia sin del er møte med Bremanger av relativt ny karakter. Ho vaks opp i den engelske byen Oxford. Den gamle universitetsbyen er i nyare tid mellom anna kjend frå filmane om Harry Potter.

Kristian vaks opp i Enebakk sør for Oslo, men mora er frå Bremanger og det var bestefaren hans som i si tid bygde huset på Hauge.

Likar det fredelege livet

Georgia vil gjerne ha permanent visum fordi ho har planar om å bli verande i Bremanger. Men etter Brexit, då Storbritannia gjekk ut av EU, har dette blitt noko meir komplisert for våre vener på dei britiske øyane som vil flytte over Nordsjøen.

Ho fortel at ho kjenner seg heime i Bremangerbygda fordi det er så fredeleg her.

– Bremanger minner meg om det skotske høglandet med fjell, innsjøar, hjort og den blømande våren. Det er fantastisk fint her, smiler ho.

Ho legg til at vêret også er det same som i Skottland.

– Ja, det regnar heile tida, ler ho.
– Ein perfekt stad å vekse opp

No vil dei to bu fast i Bremanger. Georgia seier at det er fleire grunnar til det:

– Eg trur Bremanger må vere den perfekte staden å vekse opp. Her er det ro og fred, lite kriminalitet og alt er trygt og relativt enkelt. Lite støy, minimalt med forureining og folk er venlege. Samtidig kan ein ikkje bestille kinamat på ein onsdag som om ein budde sentralt i London. Ein må tilpasse seg dei lokale forholda, så eg jobbar med det, fortel ho.

No vil ho melde seg på norskkurs i Kalvåg.

– Kristian snakkar perfekt engelsk, men eg vil jo gjerne lære meg norsk, så det blir eit viktig prosjekt framover, avsluttar ho.