Rekordlågt sjukefråvær

Anita Solberg er kommunalsjef.
Anita Solberg er kommunalsjef.

Sjukefråværet i Bremanger er lågare enn på fleire år. – For Svelgen omsorgssenter er fråværet nede på tre prosent i tredje kvartal, fortel kommunalsjef Anita Solberg.

Ein må tilbake til 2016 for å finne eit nivå som liknar på det ein har denne hausten for kommunen totalt sett.

Dyrt med høgt fråvær
KS har tidlegare fortalt at sjukefråværet i norske kommunar er dyrt. Det er snakk om mange milliardar på landsbasis, ifølgje tal frå Kommunesektorens Interesseorganisasjon. Dermed er det også god kommuneøkonomi å jobbe med å få ned fråværet. På den måten kan ein frigjere midlar til andre føremål i tillegg til at arbeidsmiljøet blir betre.

Sjukefråværet blant dei tilsette på Svelgen omsorgssenter er rekordlågt, fortel Anita Solberg som er kommunalsjef for stab og støtte.

Stor nedgang for helse
Bremanger er på rett veg, og det er på sjukeheimane ein finn den store nedgangen. Kulturavdelinag i kommunen ligg aller lågast, men det er innanfor helse ein har hatt dei største utfordringane med høgt fråvær. Det er også her ein no kan hauste fruktene av ei langsiktig satsing.

Kommunalsjef for helse og omsorg, og assisterande kommunedirektør, Randi Ytrehus, fortel at kommunen har jobba målretta med å få ned fråværet blant dei tilsette innanfor alle sektorar over fleire år. Årsaka til at det no er rekordlågt innan helse og omsorgssektoren er samansett. Hovudoverskrifta er likevel tett oppfølging, og tiltak generelt og individuelt. 

– Ein periode låg vi høgt, men no er vi nede på 6,2 prosent for Bremanger sjukeheim, og under fire prosent for Svelgen omsorgssenter, fortel ho. Det er under landssnittet for legemeldt sjukefråvær, som var rett under 10 prosent i 2024.

Ytrehus fortel at dei har jobba aktivt med nærver og fråvær, og at dei no opplever stabil bemanning på institusjonane, sjølv om ein har noko vakanse. Redusert sjukefråvær gir auka kvalitet og stabilitet, seier ho.

– Forklaringa på nedgangen er som sagt samansett. Likevel er vi glade for å kunne registrere at arbeidet gir resultat, og at sjukefråværet no er lågt om ein samanliknar med andre kommunar, og då særleg innanfor helse, avsluttar ho.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.