Iver vann prisen for beste tekstforfattar, og Aksel Arvid i kategorien Årets produsent.

Aksel Arvid har jobba med britiske PinkPantheress dei siste åra. Han er også nominert til den amerikanske Grammy-statuetten som i seg sjølv er svært imponerande. Screenshot frå NRK.
Begeistra ordførar
I ei helsing på sosiale media skriv ordførar Anne Kristin Førde til prisvinnarane at dette er fantastisk for vesle Bremanger:
– De viser at det bur noko heilt spesielt i musikkmiljøet vårt, og at sjølv frå ein liten kommune kan ein nå heilt til topps på den nasjonale scena.
Ordføraren legg til at her må det feirast når gutane kjem heim.
Kor og når står att å sjå, men feiring det blir det😊

Frå butikken på Hauge i ytre.