Ungane fekk lunsj av saniteten

Mykje god mat i samfunnshuset då sanitetskvinnene laga lunsj til skuleungane.
Mykje god mat i samfunnshuset då sanitetskvinnene laga lunsj til skuleungane.
Ungane på Svelgen oppvekst kom til duk og dekka bord då Sanitetskvinnene laga lunsj på samfunnshuset. – No har vi faktisk halde på i ti år med dette, seier leiar Astrid Berle.

Det er 118 skuleungar i smelteverksbygda, og i september fekk dei alle lunsj på samfunnshuset. Då vi var der hadde det vore ei gruppe tidlegare på dagen. Astrid Berle fortel at dei har fire foreiningar i kommunen som alle er ein del av Norske Kvinners Sanitetsforeining.

Sterke kvinner

Denne humanitære organisasjonen kan føre historia tilbake til sterke kvinner som Fredrikke Marie Qvam , Randi Blehr og Gina Krog. Dei stod alle i bresjen for røysterett for kvinner, men var også involverte i kampen mot tuberkulose som var ei stor utfordring på den tida. I dag er organisasjonen landsomfattande.

Ungane koste seg

Ungane koste seg ved bordet, og Astrid Berle fortel at fleire har vore med i mange år.

Menyen var som bondekosten i gamle dagar; ost, kjøtpålegg og grønsaker i ulike variantar. Til drikke fekk ungane fleire variantar av juice. Til neste år er det ny tørn for dette har sanitetskvinnene i Svelgen tenkt å halde fram med.

Leiar Astrid Berle informerer ungane om maten og arrangementet.
Leiar Astrid Berle informerer ungane om maten og arrangementet.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.