Det lønner seg å
satse i Bremanger

200.000
i bustadtilskot

Sletting av 25.000 studiekroner i året

Årleg tilskot på
30.000 til nytilsette

Gratis
barnehage

Det lønner seg å
satse i Bremanger

200.000
i bustadtilskot

Sletting av 25.000 studiekroner i året

Årleg tilskot på
30.000 til nytilsette

Gratis
barnehage

Trygt, vakkert og framtidsretta

Sunn livsstil
Vi er eit sunt folk, som ikkje er redd for ein fjell- eller padletur!

Trygge lokalsamfunn
Små og tette lokalsamfunn med sterke sosiale nettverk.

Natur og miljø
Spektakulær natur med fjordar, fjell og rein luft – her kan du finne roen. 

God livskvalitet
Vi er opptatt av alt det gode i livet –god helse, god økonomi og god fritid!

Pressemelding

Nedgang i bruk av vikarbyrå

Pressemelding

Sesongstart for Vingen

Pressemelding

Hugs å søkje om løyve før jonsok 

Pressemelding
Jertrud Eikås

Kulturnatt med Jertrud Eikås 

Gode Bremanger

Bremanger kommune ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Her bur dei omlag 3.400 innbyggjarane spreidde ut over fleire idylliske grender, frå hav til bre. Du kan bli ein av oss!

Rekrutteringspakken

200 000 kr i bustadtilskot

Vi veit at unge folk ønskjer å eige, heller enn å leige. 

Derfor får du faktisk 200 000 kr for å leve bustaddraumen hjå oss!

Mink studiegjelda med
25 000 kr i året

Bur du i Bremanger får du sletta 25 000 kroner av studiegjelda kvart år. Det er ei statleg ordning for deg som vil bu og jobbe i kommunar der naturen er stor, og moglegheitene mange.

Kan vi lokke med
30 000 kr ?

Nye kommunalt tilsette får 30 000 kr dei første fem åra, som ei hjelpande hand på vegen til å slå rot og trives.

Om du arbeider som lærar, sjukepleiar eller vernepleiar så får du faktisk endå meir i tilskot. Her er du verkeleg verdsett!

Vi gjev deg rom til å skape ditt eige liv i vår vakre kommune. Er du klar for å bli ein del av eit fellesskap der både naturen og menneska inviterer til eventyr og utvikling? Då ventar Bremanger på deg!

Gratis barnehage

I Bremanger får du gratis barnehageplass, uansett kva barnehage du vel. Om det ikkje var nok: her er det ingen venteliste.

Ein trygg start for dei små, og litt meir pusterom i kvardagen for deg.

Fritid for ein kvar!

I Bremanger får alle barn og unge mellom 6 og 18 år eit fritidskort på 2200 kroner i året. Vi gjer det rett og slett enkelt å bli med i idrett, kulturskule og andre fritidsaktivitetar.

Jobb der du trengst – og ver fri i turnusen

Bremanger treng helsepersonell, og gjennom bemanningsbasen tilbyr vi fleksibel turnus, reisetilskot og rimeleg bustad medan du jobbar her. Du treng altså ikkje flytte hit (du er selfølgeleg velkommen om du vert overtyda).

I bemanningsbasen vår får du varierte arbeidsdagar og god kvile mellom vaktene i eit landskap du ikkje vil gløyme.

10 millionar grunnar til å flytte til Bremanger

Den store utfordringa alle småkommunar står ovanfor:

Korleis får vi ung arbeidskraft til akkurat vår kommune?

Vårt svar på dette:

Vi bruker 10 millionar kroner i året på tiltak som gjer Bremanger til den beste plassen for unge folk å boltre seg.

Heldigvis veit vi kva unge folk vil ha:

Unge vaksne er lei av å leige!

Startkapital er ei stor hindring for draumen om å eige sin eiga heim. Vi gjev derfor 200 000 kr til bustadkjøp, bygging og renovering av eige hus i Bremanger.

Unge folk søkjer jobb!

Vi har mange ledige stillingar i kommunen, i mange ulike fagfelt. Finn du ikkje ein utlyst stilling som passar deg? Ta ein prat med oss i kommunen og så kan vi sjå på moglegheitene ilag. Vi har eit tilflyttarkontor i planane, som skal gjere det enklare for oss å «matche» deg med riktig arbeidsplass.

Unge arbeidsaktive vil ta meir utdanning!

Å lære er ikkje noko ein vert ferdig med. Studentstova på Igland og den planlagde studentstova i Svelgen er lesesalar og samarbeidsområde likt det ein finn på universitetsbiblioteka, og er ope for alle studentar. I tillegg støttar kommunen sine eigne tilsette i søkja på lærdom.

Kort veg til gode naboar

Bremanger ligger sentralt plassert midt i ein spennande region mellom Måløy og Florø!