Eirik og Ronja

Eit par og spedbornet deira står ute i vinden og smiler. Babyen ler og har på seg ein kosedress med bamseøre. Foto.
Då Ronja Strandberg og Eirik Førde Rylandsholm budde i Sogndal hadde dei ei 50 kvadratmeter stor leilegheit som kosta 3,5 millionar. – No bur vi i Kalvåg i eit hus som i Sogn ville ha kosta nærmare fem millionar, smiler dei.

Etter at Ronja var ferdig utdanna lærar flytta dei heim til Kalvåg og Bremanger kommune. Men Ronja rakk aldri å kome i jobb som lærar. Vesle Wilma blei fødd hausten 2024, og parallelt starta Eirik eige firma som røyrleggar. Når barseltida er over kjem utdanninga som pedagog godt med for Ronja.

Planen er å jobbe lokalt, smiler ho.

Har alt vi treng

Dei er begge frå kommunen, og flytta heim etter fullført utdanning. Eirik fortel at dei har pussa opp eit eldre hus, og at privatøkonomien har godt av at dei bur og jobbar i Bremanger.

Her har vi alt i treng, seier Ronja og viser til at dei har treningssenter, restaurant og butikk rett ut forbi døra.

Og det er lett å kome seg til Bergen. Båten går direkte frå Smørhamn. Vil du til Oslo tar det ein time med fly frå Florø, seier ho.

Fritt liv med god økonomi

Ronja legg til at Florø, Måløy og Nordfjoreid også er enkelt å nå frå Bremanger fordi kommunikasjonane er gode.

Dei er begge i andre halvdel av 20-åra, og seier dei lever meir fritt i Bremanger fordi dei har god økonomi takka vere lave bustadprisar og gode vilkår lokalt.

Løna i det offentlege er det same. I privat sektor er det nok litt annleis, men totalen for vår del er veldig bra, seier Ronja.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.