Kulturnatt med Jertrud Eikås 

Kvinne i forkle står framfor eit maleri. Foto.
Jertrud Eikås
Kunstnaren Jertrud Eikås Eide kjem til Svelgen under kulturnatta fredag 13. juni for å stille ut bileta sine.

 Eikås er frå Kjølsdalen, og har budd i Bergen i mange år. 

Som kunstnar er Jertrud Eikås kjend for intens og energisk fargebruk. Bileta ho lagar er prega av det abstrakte og det ekspressive, men kanskje mest av kvinnelege fellesskap. 

–At det var kunstnariske evner på gang vart oppdaga tidleg. Mor mi hadde dette talentet, og det vart tidleg sett i gong med å teikne og male, seier kunstnaren om seg sjølv og arven frå Nordfjord. 

Eikås skal stille ut i Øyratunet som er det eldste huset i Svelgen. Øyratunet blei bygd på 1860-talet av Rise-familien som var sentrale grunneigarar då kraftutbygginga tok til i Nordgulen. Det 165 år gamle huset er eigd av Bremanger kommune. 

Skal jakte på helleristningar 

Men det skjer meir på kulturnatta i Svelgen. Forfattar og gründer Geir Arne Solheim frå Ålfoten skal fortelje om boka han publiserte i fjor med tittelen «Start med eit smil». 

På kulturhuset Realen blir det internasjonal kafé, kulturskulekonsert – og gratis kino for born på samfunnshuset. 

I tillegg kjem førsteamanuensis Trond Lødøen frå Universitetet i Bergen for å leite etter nye helleristningar, denne gongen i Nordgulen. Arkeologen skal jakte i Omvendeskaret på Nesbø, og inviterer deg til å vere med. 

Under krigen såg jegerar helleristningar i dette skaret, og det er desse ein no skal prøve å finne igjen. Dei som vil vere med på dette kan møte opp ved Meistringsgarden Klatrepark på Nesbø klokka 18.00. 

Kulturnatta er populær 

Kultursjef Norvall Klungresæter fortel at dei satsar på at kulturnatta er komen for å bli. 

– Kultur er viktig for folk, og eit breitt kulturuttrykk har vi alle godt av, seier han. 

Folkemusikar frå Innlandet 

Seinare denne junikvelden kjem Ole Nilsen med trekkspelet sitt til Svelgen kapell. Konserten startar klokka 20.00. Prosjektet til Nilsen er å spele slåttar frå hardingfele, men på trekkspel. Nilsen er utdanna frå Musikkhøgskulen i Oslo, og frå NTNU i Trondheim. 

Han har vunne Folkelarmprisen fleire gonger. Folkelarm er rekna som det viktigaste møtepunktet for nordisk folkemusikk. Nilsen er distriktsmusikar i Førde. 

Kulturnatta i Svelgen blir avslutta på Bremanger Fjordhotell der Spik Adel frå ytre spelar opp til dans. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.