Statsforvaltaren i Vestland inviterer grunneigarane til nytt møte i Berle om skogen rundt Hornelen.
Teigar frå 1700-talet
Seniorrådgjevar Tore Larsen fortel at ordninga med frivillig skogvern skal brukast overalt der det er snakk om vern som omfattar skog, og at det er viktig å ha ein god dialog med grunneigarane:
– For Hornelen sin del har vi sett på gamle teigar tilbake til 1700-talet. Det var viktig for oss å klare opp i desse gamle teigane før vi sendte ny invitasjon til grunneigarane, seier han.

Den grøne linja i kartutsnittet viser kor ein har tenkt at nasjonalparken kan vere.
Kommunen har det siste ordet
Møtet i Berle blir tysdag 28. april. Larsen legg til at prosessen har fleire fasar:
– Kommunen har siste ordet når det gjeld om det blir nasjonalpark ved Hornelen eller ikkje. Statsforvaltaren sin jobb er å legge til rette for ei avgjerd. Prosessen må ha velsigning frå politisk nivå i kommunen.
Vil taksere skogen
Saka må altså innom kommunestyret for ja eller nei der.
Når det gjelder skogen seier Larsen at oreigning ikkje er aktuelt.
– Oreigning blir ikkje brukt i vernesaker, for eigartilhøva blir ikkje påverka ved eit eventuelt vern. Jakt, friluftsliv og liknande aktivitet kan halde fram som før, og vernet gjeld først og fremst mot nye inngrep. Når det gjeld skog, går ordninga med frivillig skogvern ut på at grunneigarane stiller skogen til rådvelde for vern, og får utbetalt erstatning mot at området ikkje blir brukt til skogsdrift i framtida, seier han.
Ordninga er basert på at vernet skal kaste meir av seg økonomisk enn vanleg skogdrift, og dette er ei årsak til at frivillig skogvern har blitt møtt med interesse av mange.
Skogeigarorganisasjonane køyrer saka på vegne av eigarane, og er mellom anna med på å taksere den økonomiske verdien av skogen.
Larsen fortel at forslaget er å verne dei næraste marine områda ved Hornelen slik at nasjonalparken ikkje berre går til fjæra, men eit stykke ut i sjøen.
Kongen bestemmer
Dersom ein kjem til semje med grunneigarane om skogen og kommunestyret gir grønt lys, blir det oppstartsmelding og offentleg høyring. I enden av denne prosessen er det kongen i statsråd som seier ja til nasjonalpark i slike saker. Reint formelt er det klima- og miljøvernministeren som legg fram saka for kongen i statsråd.