Nytt U40-treff i Svelgen

Torsdag den 23. april kl. 18.00 blir det nytt U40-treff på Bremanger Fjordhotell.

I mars møtte meir enn 70 opp då ein arrangerte det første KickOff-treffet. U40 er eit nettverk av unge under 40, og det finns mange slike kring om i landet.

Lågtersel

Denne gongen kjem Thor Morten Frey Sivertsen frå Haugen-gruppen.1 Han skal halde kurs der temaet er «Mat og vin i harmoni».

U40-treffa kan gjere det enklare å kome i kontakt med andre, slik at terskelen for å spørje nokon om dei vil gå ein tur eller ta ein kaffi i lag, blir litt lågare. Det kan vere alfa og omega for trivselen.

Treffa er for alle under 40 år, anten ein jobbar eller ikkje, og er ein fin moglegheit til å bli kjend med andre på tvers av bedrifter og livssituasjonar.

Grunna begrensa plassar, må ein melde seg på. Prisen for kurset er 150,- per person.

Påmelding til Sivert Eldevik Andersen på hotellet seinast dagen før, altså onsdag 22. april.

Han har telefon: 900 18 743.

E-post: post@bremangerfjordhotell.no

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.