Det fortel Morten Gulestøl, som er nestleiar, eller magistrat som dei kallar det i Sjøsprøyt. Klubben har 40 medlemmer.
– Leiaren vår, Bjørn Inge Nesje, er oldermann. Også har vi to magistratar, eller nestleiarar. Per Arild Frøyen er den andre nestleiaren, fortel han.
Oldermann skal vere ein eldre tittel på formannen for eit laug eller eit gilde. Gilde betyr i denne samanhengen ein sosial samanslutning der medlemmene hjelper kvarandre. Magistrat er også ein leiartittel etter gamalt.
Markerte 30-års jubileum
Titlane høver godt til klubben som kallar seg Sjøsprøyt.
– I Bremanger var det lenge to klubbar, ein i Svelgen og ein i ytre som låg i dvale. Så blei dei vekt til live, og slått samen til Sjøsprøyt, forklarar Morten.
I ettertid feira dei så 30-års jubileum. Det var for to år sidan.

Plakat om treffet.
Svelgen-treff i juni
Siste helga i juni blir det altså treff på hotellet i Svelgen. Her har ein lagt opp til quiz fredag. Laurdag blir det live-musikk.
– Vi vil gje honnør til hotellet som har støtta oss med gode avtalar heile vegen, fortel Morten. Han nemner både Jostein Eimhjellen og Sivert Eldevik Andersen som har den daglege drifta for Bremanger Fjordhotell denne sommaren.
Dette blir tredje gongen dei arrangerer eit slikt treff, etter samanslåinga.
Godt nettverk
Morten fortel at dei som driv med MC har eit godt nettverk. Det finst fleire sider på Facebook der ein kan søke på ulike treff i inn og utland. Denne gongen kjem ein del av dei som er med i dette miljøet også til Svelgen.
– Vi forstår at vêret spelar ei rolle i dette, men håpar på godt oppmøte, avsluttar Morten Gulestøl.