Aktivitetsdagane 2026

Ungdommar på kajakktur.
Kvart år får 9. klassingane i Bremanger moglegheita til å utfordre seg sjølve, og knyte band på tvers av bygdene.

Tradisjonen tru vart det også i år arrangert aktivitetsdagar på Karlskarstova for dei 31 9. klassingane i kommunen. Fyrste året desse gjekk av stabelen var 2004, og vart den gangen kalla «Ekstremveka».

Sidan då har aktivitetsdagane blitt gjennomført kvart år, med unntak av tre. Då det vart avlyst for 9. klasse i 2024, vart det arrangert for både 9. og 10. klasse i 2025.

Elevane gjer seg klare til kajakkpadling
Elevane gjer seg klare til kajakkpadling på Langesjø, leia av guidar frå Norway Adventures.

Førebyggande tiltak

I løpet av desse dagane får elevane bryne seg på rappellering ned fjellsider, kajakkpadling, skyting på blink og flåtebygging. Ungdommane får oppleve å bli sett på prøve, og må tore å røre seg ut av komfortsona si. Det er nettopp her at ein kan oppleve gleda ved å meistre noko ein kanskje i utgangspunktet var litt redd for.

Dette er vist å ha positive effektar på psykisk helse, og kan bidra til å styrke dei sosiale relasjonane elevane i mellom.

Nokre av aktivitetane krevde nemlig at ungdommane måtte samarbeide med kvarandre, som til dømes under flåtebygginga, eller då dei under kajakkpadlinga fekk i oppgåve å bytte plassar på tvers av kajakkar. For nokre endte det med eit kaldt bad i vatnet.

– Aktivitetsdagane er eit tverretatleg førebyggande tiltak, med mål om å gje gode opplevingar i samhandling med andre, og styrke kjensla av å vere god nok, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus.

Ho og kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid, Gro Abildsnes, er ansvarlege for organiseringa av tiltaket, og samarbeider med andre om planlegging og utføring. Dei var også ansvarlege for matlaginga. Tiltaket er også positivt og viktig for dei vaksne.

– Vi som arbeider med barn og unge vert nærare kjent med kvarandre, noko som styrker det tverrfaglege og tverrsektorielle samarbeidet. 

Kommunalsjefane våre, Randi Ytrehus og Gro Abildsnes sto for matlaginga, ein deilig gryterett. Det ryktast om at smitt og smule vart ete opp.

Snakka om psykisk helse og rus

I tillegg til spanande aktivitetar, var det også eit fokus på aktuelle tema innan psykisk helse, samhandling, rus, opplæring i førstehjelp, konsekvensar av å utføre kriminelle handlingar med meir. Psykolog Trond Haukedal haldt føredrag, og politiet kom for å informere ungdommane om rus og ulovleg biletdeling.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.