Stykket handlar om ein barneflokk på Frøya i mellomkrigstida. Forteljinga er basert på boka Solveig Nes publiserte i år 2000, det året ho fylte 80.
Tittelen på boka er «Oppvekst ved havet.». Der skriv ho fram sin eigen oppvekst på Steinset. Ho skriv om fattigdom og slit, men også om kjærleik og glede.
Bestefaren vakta fyret
Stykket handlar om kvardagslivet på Steinset, og om Bergljot (Bella) og Solveig (Solla). Men også om Per på Nigardsøya. Han er litt eldre enn dei to jentene frå Steinset. Handlinga er lagt til ein sommardag i 1934.
Bestefar til Bella hadde ansvaret for «Minnet Fyrlykt» som blei sett opp i 1904. Her kan ein få assosiasjonar til Evert Taube som vaks opp på Vinga Fyr ved innseglinga til Gøteborg.
Forfattar frå Innlandet
Regissør Grete Berntzen fortel at det er forfattar Tor Karseth frå Hamar som har skrive stykket. Grete tok i si tid kontakt med Karseth fordi ho kjenner Karseth frå den tida han var norsklæraren hennar på vidaregåande:
– Då spurte eg om han kunne vere interesserte i å skrive eit slikt stykke, og det var han.
Karseth har band til Kalvåg fordi kona hans ættar frå Ånnevika. Desse to er foreldra til artisten Frida Ånnevik.
Også skrive «Smelt»
Forfattaren er svært produktiv, og har skrive ei rekke teaterstykke, songar og bøker. Mellom anna teaterstykket «Smelt» som handlar om Svelgen i mellomkrigstida, og teatermusikalen «Elskhug og eksis» som har gått på Nordfjordeid i fleire vende.

Foto: Kjell Aga Ulvestad.
Mange er med
Forfattar Solveig Nes frå Kalvåg skriv om ein barnerik familie, og om eldste jenta Bella som blei jordmor i bygda. Bella tok gjennom åra imot mang eit nyfødd lite barn på kysten.
Som vi ser av bilete er mange lokale profilar med i teaterstykket.
Til helga spelar ein dette stykket for femte gong.