Iver Strand Senneset frå Oddny vann Spellemann for Årets tekstforfattar, Magnus Berg i kategorien Blues, og Admiral P vann for Årets Hit i 2015. At alle tre kjem til Bremanger komande helga
Festival-helga er frå torsdag 9. til laurdag 11. juli på Havlys på Iglandsvik, som alltid.
Solide tradisjonar
Det heile starta i 1982. Bremanger Rockklubb blei då stifta av idealistiske, musikkinteresserte ungdomar med mål om å gje levande kvalitetsmusikk til folket. Og det klarte dei til gangs. Frå scena på Havly Pensjonat og Kafe på Iglandsvik blei det servert ypparleg rock, blues og beslekta stilartar jamt og trutt gjennom heile året.
Etter nokre bestemte styret seg for å starte ein festival som skulle arrangerast kvar sommar. Sidan har RockWeekend vore eit fast høgdepunkt for sommaren, både for lokale og for tilreisande, og har verkeleg bidratt til å setje Bremanger på kartet både i Austin Texas, og i Nordalsfjorden!
Sterk setliste
Rockweekend 2026 kjem med eit sjeldan sterk setliste:
Oddny har hatt nokre eventyrlege år. Med Spellemann-prisen for Årets tekstforfattar 2026, Luttprisen 2024 og terningkast 6 frå Gaffa for konserten under by:Larm, så det er ikkje rart at dei no er eitt av dei mest omtala banda i norsk musikkliv. No kjem dei heim til Bremanger der mykje av musikken er laga.

Admiral P er ein av kongerikets mest elska reggae-artistar. Fødd i Zambia og oppvaksen i Lusaka, kom han til Noreg som 13-åring og fann tidleg eit anker i musikken. Med hitlåtar som «Engel» og «Kallenavn», begge med 40 millionar strømmingar, og Spellemann for Årets Hit i 2015, har han for lengst festa seg som ein sentral stemme i norsk populærmusikk. No vender han tilbake til Bremanger-scena for første gong sidan 2015, også denne gongen med fullt band.

Magnus Berg har blitt omtala som «den nye gitarhelten», og Steven Van Zandt har skrytt av spelinga hans med orda «just kick-ass». Med ein eksplosiv miks av blues og soulrock har han fanga publikum verda over og varma opp for Gary Clark Jr. på turné i Europa. Spellemann-prisen han vann i år, kom som ei stadfesting på det mange lenge har visst.

Great Tide lev etter mottoet «riffvarar evig». I 2024 kom debutalbumet «Daywatcher», som hausta terningkast 5 og 6. Stavanger Aftenblad slo fast at dei «gjer musikken stor igjen». I fjor haust varma dei opp for Kaizers Orchestra, og i år kjem dei med ny musikk. Med ein sound som minner om BigBang lovar dei nye singlane at det blir like drivande og kompromisslaus rock som alltid.

isa blu lagar drøymande og nostalgisk pop med linjer til Billie Eilish, The Marías og Lizzy McAlpine. Debutsingelen “dear marie” fekk varm omtale frå mellom anna NRK P3 og 730.no. Nominasjonen til Årets Nykommar, under Luttprisen 2026, fortel at ho er ein artist å følgje med på. No er artisten frå Berle tilbake i Bremanger med ny musikk i sekken.

Gratis på Iglandsvik
Anders Aga Ulvestad i styret for festivalen, seier dei er stolte av programmet denne gongen. Han minner om at dei også har rockeløp for ungane, at det er gratis familiedag på Iglandsvik laurdag, og triatlon for dei som er motiverte for det.