I vår kunne vi følgje med på ferda då Mowi henta saunaen med båt i Smørhamn, og sigla med badstova nord til Bremanger og Iglandsvik. Der blei det avlange «rommet» heist opp på kaikanten, og plassert rett ved sjøen.
Brim Fjordsauna
Namnet på prosjektet er Brim Fjordsauna etter det gamle norrøne namnet på Bremanger. Køyrer du gjennom Bremangerbygda finn du skiltet på fylkesvegen ved avkøyringa til Iglandsvik Næringspark. Her held også Reidarbua til, blant alle turistane.
– Den første tida var det mange nordmenn, men no ser vi at stadig fleire turistar og utlendingar leiger hos oss, fortel Anders.

Anders Igland driv Brim Fjordsauna.
80 grader er passande
Kva så med temperaturen inne? Anders Igland seier at 80 grader verken er for høgt eller for lågt for den som vil prøve saunaen. Utanfor veggen ligg sjøen og ventar på dei som vil kjøle seg ned.
– Poenget er å variere mellom saunaen og det kalde sjøvatnet, fortel han. Kombinasjonen skal vere både helsebringande og forfriskande.
Helseeffekten har ein forska på, og resultata er tydelege. Ann-Katrin Grotle er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Grotle er leiar for eit forskingsprosjekt om dei fysiologiske effektane av kombinasjonen badstove og kaldbading.
Tilrådinga hennar er å starte med korte økter, og drikke godt med vatn. Unngå å sitje lenge i sterk varme, men den kan du regulere sjølv.
– Vi har ein brytar på veggen ein kan stille på. Så her kan folk velje sjølve, seier han.
Grotle har også sagt i media at dei som har særlege helseutfordringar bør vere litt forsiktige.

Tilgangen er godt skilta.
Godt for hjarte og kar
For normalt fungerande menneske er sauna sunt. Forsking viser at varmeterapi slik som badstove kan redusere blodtrykk og betre blodsirkulasjonen. Altså motvirke hjarte og karsjukdommar.
– Slik sett fungere sauna førebyggande på fleire kroppslege plager, forklarar Anders.
Dersom du har lyst til å prøve kan du google nettsida til Brim Fjordsauna. Der kan du booke deg inn i kalenderen. Etter at du har betalt vil omnen i saunaen automatisk varme seg opp til du kjem til timen din.
– Sauna kan fungere godt i ei tid med mykje stress der mange ikkje klarer å fri seg frå sosiale media. Før ein går inn i saunaen legg ein frå seg mobilen utanfor. Det kan vere bra av mange grunnar, smiler Anders.
