Det blir kulturelle innslag frå Bremanger skulemusikk og Bremanger kammerkor, Smalsarhorn/Davik musikklag og Svelgen skulemusikk. Folkemøte startar 17.30 alle plassane.
Rikhaldig program
Bremanger er på mange måtar ein fantastisk kommune. Samtidig har vi demografiske utfordringar som ikkje løyser seg sjølve. Difor inviterer ordføraren til folkemøte for å snakke om framtida.
Kommunaldirektøren kjem for å teikne og forklare. Det same gjer kommunalsjefane som skal snakke om aktuelle saker. Og vi får høyre frå ambassadørane våre, dei som har flytta hit, i tillegg til musikalske innslag.

Bremanger skulemusikk frå ein konsert sist helg. Foto: Privat.
Kva med framtida?
Spørsmålet er kva vi som bur her vil med kommunen vår?
I andre kvartal 2026 var folketalet i Bremanger på 3 377 innbyggarar. Framskrivingane som Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort viser eit fall fram mot 2030, og eit vidare fall til under tre tusen innbyggarar mot 2050.
For femti år sidan var folketalet i Bremanger godt 5 500.
Ser vi på fødselstala er dei så låge at spørsmålet melder seg: er det mogleg å halde oppe alle barnehagane og skulane vi har i dag? I 2025 var det 26 nyfødde i Bremanger.

Smalsarhorn ved Rugsund kyrkje. Foto: Privat.
Eldrebølga er her
Så er det eldrebølga. SSB skriv at Bremanger vil måtte tilpasse helse- og omsorgstenestene til ei aldrande befolkning. Då blir spørsmålet fort kva andre område ein skal henta pengar frå, for å styrke eldreomsorga.
Og apropos pengar; korleis kan vi bidra til å skape nye arbeidsplassar i ein kommune som treng meir aktivitet og større inntekter for å halde nivået på dei tenestene vi har i dag?
Alt dette og meir til håpar vi du vil vere med og diskutere på folkemøte i november. Møte er estimert til godt to timar.
Kom du også!