Tillit blir forma i omgjevnadane våre. Det handlar om korleis vi blir møtte i skulen, på jobb, i kommentarfeltet og i nærmiljøet.
Om det er rom for å seie ifrå og seie imot, og om vi kan stole på at det som blir fortalt oss, er sant og reieleg. Når vi opplever å bli tekne på alvor og møtte med respekt, blir det lettare å møte andre på same måte.
Noreg er eit av landa i verda med høgast tillit, både til styresmaktene og til kvarandre. No er han under press.
Innbyggjarundersøkinga frå 2026 viser at delen som meiner at folk flest er til å stole på, har gått nedover dei siste fem åra.
Unge under 24 år har lågare tillit til andre enn resten av befolkninga.
Det er ei påminning om at tillit ikkje er ei sjølvfølgje, og eit felles ansvar.