Martine er dottera til Mr. Kalvåg, Svein Inge Fosse. Saman med mannen, Martin Sveian, har ho tre barn i barnehagealder. Familien er dermed ein del av den positive trenden ein ser i Kalvåg der unge folk satsar på ei framtid i det tradisjonsrike fiskeværet. Men det var ikkje gitt at det skulle bli slik.
Jobba på Feinschmecker i Oslo
Martine vaks opp i Kalvåg og gjekk på vidaregåande i Førde før ho blei lærling på restauranten Feinschmecker, som ligg på Frogner i Oslo. Dette er ein fransk gourmetrestaurant med det ypparste den norske restaurantbransjen kan tilby.
– Der hadde eg kontrakt i to år, og hadde det veldig fint. Men så ringte bror min, Jan Fredrik, og spurte om eg kunne ta over kjøkenet på Knutholmen. Eg hadde eigentleg andre planar, men forstod at han verkeleg hadde behov for assistanse. Dermed sa eg ja til å flytte heim. Planen har alltid vore å kome heim, men ikkje før eg hadde noko å kome heim med i form av ny kompetanse som kunne tilføre Knutholmen noko nytt, fortel ho. Planen var å kome heim for sesongen men no har ho vore heime i ti år.
I dag er det Martine og mannen, og broren Jan Fredrik, som driv Knutholmen etter at faren Svein Inge trekte seg ut av den daglege drifta.
Nye forsyningslinjer
Vertskapet på Knutholmen er kjende for å vere svært gjestfrie nærast til alle døgnets tider. Men så kom Martine heim frå ein restaurant i Oslo der det meste var planlagd ned til minste detalj i form av planar og struktur.
– Eg opplevde nok ein kulturell forskjell, og dette var noko vi jobba med til vi fekk på plass meir stabile forsyningslinjer. I dag kjenner vi alle fiskarane som leverer til oss, jegerane og bøndene som leverer lam, fortel ho.
Menyen på Knutholmen er prega av området dei er i. Mykje fisk, hummar, hjort og lam som har beita i Guds frie natur.
Trefte mannen på kokkelandslaget
Men Martine kom ikkje åleine heim igjen til Kalvåg. For ho hadde treft Martin Sveian på kokkelandslaget, og han sa ja til å vere med vestover.
– Martin er trøndar, så for han å flytte til Vestlandet blei noko anna enn det han var vant til. Han jobba tidlegare på Lindenes og var kokk der. Eg er veldig glad for at han blei med til Kalvåg, smiler ho.
I dag har dei tre ungar og nybygd hus lokalt på Hågen, og fullt opp med jobb. Sjølv om dei har merka auka internasjonal pågang dei siste åra, kjem gjestane til Knutholmen hovudsakleg frå ein radius på fire timars reisetid mellom Bergen og Ålesund.
– Vi har ein del konferanse og seminargjester, og er glade for at det går så godt, fortel Martine.