Alf Erik er skikkeleg innfødd svelgar

Mann er stilt opp framfor ein raud busk og smiler til kamera. Foto.
Alf Erik Sande (32) er ein av få i Svelgen som kan føre dei lokale anane sine fleire hundre år tilbake i tid.

I Svelgen blir det fortalt at forfaderen hans, Alfred Sande, skaut den siste bjørnen i Svelgsdalen på slutten av 1800-talet. Då var Alfred 12 år gamal. Han budde då på garden Sande i Nordgulen. Etter den tid kom kraftutbygginga, og Svelgen blei ein smeltedigel med tilreisande frå heile landet.

Gjekk på Firda

Sjølv reiste Alf Erik ut då han var gamal nok til det. Ferda gjekk til Gloppen og Sandane der han blei elev på legendariske Firda Gymnas.

– Eg har alltid tenkt på å reise heim og har odel på garden, men som ung ville eg ut å sjå verda, fortel han.

Dyrt i Bergen

Etter Firda gjekk reisa vidare til Bergen, og studiar i landmåling. Nesten ti år blei han verande i Hansastaden. Då budde han i litt ulike bydelar.

– Eg har kameratar som har kjøpt hus til 7-8 millionar i Bergen. For eigen del kjøpte eg leilegheit i Svelgen då eg kom tilbake hit. Betalte 800.000 kroner for 120 kvadratmeter med utsikt til fjord og fjell, fortel han.

Vekependlar til Sogn

Med tida skal han ta over farsgarden på Sande. Enn så lenge arbeider han i entreprenørselskapet Veidekke og pendlar til bygginga av Feios kraftverk i Vik. Her er han engasjert i prosjekt som har lange tradisjonar i Svelgen.

– Vi bygger tunellar til vasskrafta, fortel han.

Når han er heime i Svelgen har han rolege dagar og slepp å gå i kø til Ulriken, som han seier. Det er mange fjell i Bremanger, og slekta har mykje skog og utmark i området. Alf Erik nemner spesielt dei spektakulære fjellhyllene under Ålfotbreen.

På veg til Austen

Då vi snakkar med han skal han ut på ei lengre reise til land i Austen. Thailand, India, Nepal, Malaysia, Singapore, Indonesia og New Zealand står på reiseplanen.

– Eg ser fram til det, smiler han. Etterpå skal han heim igjen til Svelgen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.