NordfjordTreffet til Svelgen

Anita Solberg er kommunalsjef.
Anita Solberg er kommunalsjef.

NordfjordTreffet 2026 blir arrangert i Svelgen. – Vi ser fram til å ta imot næringsliv frå heile Nordfjord, seier kommunalsjef Anita Solberg.

Datoen er tysdag 31. mars 2026, som er i påskeveka. Dette blir femte gong ein arrangerer NordfjordTreffet. Våren 2025 var arrangementet i Måløy. Neste gong er det altså Svelgen sin tur.

Ope for alle
NordfjordTreffet er ei årleg nettverks- og rekrutteringsmesse for Nordfjord. Messa samlar verksemder, organisasjonar, studentar, jobbsøkjarar og folk som ønsker å bygge nettverk eller få informasjon om kva som rører seg i næringslivet i vårt område.

– Alle som vil kan kome og vere med, seier Solberg.

Inviro på Nordfjordeid er teknisk arrangør, og eigar av konseptet. Saman med lokale næringsaktørar (til dømes Nordfjordkompaniet, Samarbeid Nordfjord etc.) har Inviro treffet i Nordfjord som eit årvisst arrangement.

Det første treffet var våren 2022. Deretter har arrangementet rotert mellom kommunane for å inkludere hele regionen.

Dette kan du forvente

Før treffet opnar dørene i Svelgen for folk flest, skal det vere ei nettverkssamling – Nettverk Nordfjord – for alle bedrifter som har stands på messa.

Deretter opnar dørene for publikum, og du kan besøke ulike stands med lokale verksemder frå regionen i Svelgen denne dagen. Men også organisasjonar som rekruttere nye tilsette, eller kanskje er der for å vise seg fram, og sei hei til nettopp deg.

– NordfjordTreffet er ei rekrutteringsmesse, men også ein arena for nettverk, seier Solberg. Ho legg til at ved påsketider tenkjer mange ungdommar på sommarjobb, og at det også kan vere ein grunn til å besøke messa.

-Uansett grunn er alle hjarteleg velkomne, seier ho.

Programmet for arrangementet er førebels ikkje klart, men vil bli sendt ut på denne sida av nyttår.

Lenke til Inviro: Om Inviro

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.