Vi møter dei heime på Sørsida i det sjelfulle huset ein ettermiddag. Dei to smågutane er heime frå skule og barnehage saman med mor Kristine, og far Kim.
Kim er frå Svelgen og vaks opp der. Men han reiste tidleg ut, og kom etter nokre år til Rogaland der han møtte Kristine. Kim har utdanning som kunstnar, og har mellom anna hatt ei utstilling med teikningane sine på Nordfjordeid. Kristine tar vakter i barnehagen på Davik.
Kjøpte gamalt hus
Huset dei kjøpte for nokre år sidan er eit gamal småbruk som blei reist like etter krigen.
I bakkane ovanfor fylkesvegen har dei utsikt over Davik-bygda frå eit hus som er fullt av bøker og fargar.
Familien kom altså til kommunen før rekrutteringspakken blei vedtatt av dei folkevalde. I dag har dei likevel glede av ordningane. Særleg dei som gjeld gratis barnehage og fritidskort for ungane.
Og familien er ikkje dei einaste som har flytta til Davik dei siste åra. Det har kome ein del heimflyttarar og tilflyttarar til bygda, i tillegg til Forthun-familien som kom frå Sandnes til Nordfjord.