Ann Helen og Erlend flytta til Davik

Fekk meir tid saman då dei flytta frå Stavanger til Davik.
Fekk meir tid saman då dei flytta frå Stavanger til Davik.
Ann Helen Tvedt Ekanger (32) og Erlend Steen Frimannslund (32) flytta frå Stavanger til Davik.

Saman med dottera Pernille (2) bur dei høgt og fritt med utsikt over bygda og fjorden.

Femte generasjon
Erlend fortel at huset dei bur i blei bygd av oldeforeldra hans. Dette er ein tomannsbustad der oldeforeldra og besteforeldra budde. Så kom neste generasjon med besteforeldre og foreldre. Sjølv er han fødd i Førde, men kom tidleg til Rogaland då familien flytta dit.

– Vi flytta til Davik i oktober, og foreldra mine brukar den andre delen som fritidsbustad, fortel han. Neste generasjon, som er vesle Pernille, er femte generasjon i det frittliggande huset.

Studerte i Volda
Ann Helen og Erlend trefte kvarandre då dei var studentar i Volda. I helgene var dei ofte på Davik.

– Då laga farmor middag til oss, og vi fekk eit avbrekk frå campus, fortel Erlend.

Seinare blei dei begge ferdig utdanna sosionomar, og fekk jobb i Stavanger. Ann Helen er frå Bergen. Dei valde likevel Rogaland der Erlend hadde oppveksten sin.

Fått meir tid saman
Men så er det kjærleiken til Davik og til Nordfjord. Ann Helen fortel at dei brukar meir tid saman som familie etter at dei flytta til bygda. Sjølv arbeider ho på NAV-kontoret i Svelgen. Erlend er fagleiar på Hamretunet som er eit tilbod til menneska med nedsett funksjonsevne. Hamretunet er på Naustneset.

Begge to trivst godt fagleg.

No har dei etablert seg på Davik med eigen båt, og Pernille likar seg i barnehagen. Her har dei nettverk og Pernille seier ikkje lenger skoleklokke, men skuleklokke. Nordfjord-dialekten er på veg.

Kva så med andre nyutdanna i same aldersgruppe som Ann Helen og Erlend, vurderer dei å flytte til Bremanger? Erlend smiler og seier:

 – Dei kjem nok. Treng berre litt tid.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.