Energidag med kommunestyret

Torsdag 16. april besøkte kommunestyret Guleslettene vindkraftverk og Øksenelvane vasskraftverk for å få meir innsikt i den lokale kraftproduksjonen.

Turen gjekk fyrst til Guleslettene vindkraftverk. Der fekk kommunestyret omvising i kontorlokala, før dei samla seg i varmestova for å høyre presentasjonar av kraftverksjef André Hatleset og Arne Andreas Riisnes som er konserndirektør for Ny energi og Industrielle partnerskap i Eviny.

Etter presentasjonane vart det omvising på sjølve vindkraftverket.

Vidare til Øksenelvane

Så bar turen vidare til Hjortegarden i Ålfoten. Der vart det servert ein smakfull lunsj, med påfølgande presentasjonar av ulike representantar frå SFE og Linja AS. Konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord haldt mellom anna ein presentasjon om kraftkommunen Bremanger som motor for regional verdiskaping.

Det vart ein innhaldsrik seanse, kor kommunestyret fekk lære meir om kraftnettet og kraftmarknaden, og samanhengen mellom kraft, natur og samfunn.

Neste og siste steg på agendaen var å besøke vasskraftverket i Øksenelvane. Her fekk ein køyre sikk-sakk på den bratte vegen som går heilt opp på fjellet for synfaring av magasinet der. Etterpå fekk ein gå inn i dei store tunnelane som er laga i høve utbygginga av vasskraftverket.

Ordførar Anne Kristin Førde kan meddele at ho har fått gode tilbakemeldingar frå kommunestyremedlemmar, som opplevde energidagen det som svært informativt og nyttig.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.