Peikar på Gode Bremanger i fleire kanalar

Bremanger kommune har lansert Gode Bremanger som ein del av satsinga med å løfte Rekrutteringspakken på ti millionar. – Framover skal vi bli meir synlege, seier prosjektleiar Dag H. Nestegard.
Bremanger kommune har lansert Gode Bremanger som ein del av satsinga med å løfte Rekrutteringspakken på ti millionar. – Framover skal vi bli meir synlege, seier prosjektleiar Dag H. Nestegard.
Bremanger kommune tar konseptet med Gode Bremanger eit steg vidare.


Nettsida for Gode Bremanger blei lansert i fjor sommar. På den nettsida får du informasjon om alle goda kommunen kan tilby, som slette av studiegjeld, gratis barnehage og tilskot til bustad til dømes.

– Frå kommunen si side forsøker vi også å legge ut aktuelle saker som viser kva som skjer i kommunen, og som både tilflyttarar og fastbuande kan ha glede og nytte av, fortel prosjektleiaren.

Facebook og Instagram
Ettersom Gode Bremanger gjerne vil nå ut til enno fleire, går prosjektet no vidare med to nye kanalar i sosiale media.

– Merkevara Gode Bremanger har fått eigen Facebook-konto, men vi er også på Instagram med ei satsing der. Dette skal vi gjere meir av så vi når fleire målgrupper, seier Nestegard.

Fem messer før påske
Denne vinteren og våren er Gode Bremanger representerte på fleire studiemesser i nærområdet, men også i Grieghallen i Bergen onsdag 11. februar. Merk deg datoen!

Dei nye kanalane skal bidra til å auke merksemda om Bremanger, og alle fordelane som finst med å bu her:

– Når vi er ute og snakkar med folk har vi framleis med oss brosjyrar, t-skjorter og ymse effektar som spelar på det same, seier prosjektleiaren for tilflyttarkontoret. Det endelege målet vil alltid vere å få fleire til å melde flytting til Bremanger, seier han.

Dersom du lurer på kva arrangement du kan møte oss på ute før påske kan du sjekke ut denne lenka:

 Gode Bremanger deltar på fem messer før påske – Gode Bremanger

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.