Vi deltar på fem messer før påske

Anne Kristin Førde er ordførar i Bremanger.
Anne Kristin Førde er ordførar i Bremanger.
Gode Bremanger er i vinden, og deltar på fem ulike messer før påske.

Den første er i regi av Nordfjordkompaniet i januar. Dei har invitert næringslivet, og alle tiandeklassingane i kommunen til samling på Iglandsvik. Det skjer tysdag 27. januar.

Her er meir info: Inviterer næringslivet til møte med alle tiandeklassingane – Gode Bremanger

To messer for vidaregåande
Det andre arrangementet i januar er i regi av Flora vidaregåande skule. Her er det elevar i vidaregåande som får informasjon om det som rører seg i arbeidslivet på kysten, og kva tilbod som finst. Karrieredagen i Florø er torsdag 29. januar.

Denne lenka viser litt av det som skjedde under arrangementet i fjor: Karrieredagen 2025

Onsdag 4. februar er det Måløy det gjeld. Då er det Framflytkonferanse i regi av Måløy vidaregåande. Også der er Bremanger med. Her ser du kva som skjedde i fjor på den elevdrivne konferansen: Framflyt

Stor messe i Bergen
Onsdag 11. februar har Framtidsfylket karrieremesse i Bergen. Her er vi på plass med program for eit eige Bremanger-opplegg i kjølvatnet av messa i Grieghallen:

Møt Gode Bremanger på messe i Grieghallen – Gode Bremanger

Den største hendinga denne våren blir likevel NordfjordTreffet i Svelgen tysdag 31. mars. Her er Inviro på Nordfjordeid teknisk arrangør, men Bremanger har ei stor rolle som vertskommune for dei fem kommunane i Nordfjord.

Her er lenke til programmet: Meld deg på NordfjordTreffet her! – Gode Bremanger

Viktig å snakke med ungdommen

Ordførar Anne Kristin Førde seier det er viktig å møte ungdomen der dei er.

– I vår tid handlar mykje om det digitale sjølvsagt. Likevel er fysisk oppmøte framleis viktig, seier ho.

Ordføraren legg til at det er viktig for kommunen å fortelje om Rekrutteringspakken, og at det får ein høve til på alle desse arrangementa.

– Særleg viktig blir NordfjordTreffet i mars. Dette kjem vi tilbake med meir informasjon om når ting er litt klarare, avsluttar ho.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.