Husbanken gir tilskot til aldersvenleg bustad

Husbanken tilbyr tilskot for å gjere bustaden din meir aldersvenleg. Foto: Steinar Engeland.
Husbanken tilbyr tilskot for å gjere bustaden din meir aldersvenleg. Foto: Steinar Engeland.
Husbanken tilbyr no tilskot for å gjere bustaden din meir aldersvenleg.

Målet med tiltaket er at ein skal kunne bu heime lenger, også når helsa endrar seg.

Du kan søke om støtte dersom:

  • du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år.
  • du bur i bustaden sjølv, og huset er eigd eller leigd heilårsbustad. Om du leiger må du ha samtykke frå utleigar.
  • bustaden er di folkeregistrerte adresse.
  • du skal oppgradere for minst 40.000 kroner.

Kor mykje kan du få?

Du kan få dekka inntil 25 prosent av kostnadane til prosjektet. Det er inga øvre grense for totalkostnad. Men du kan maksimalt få 75.000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot ein gong per bustad.

Her finn du meir informasjon om ordninga.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.