Legg til rette for Bremangerbarn 

Biblitekar leverer premie til ein veldig glad gutunge. Foto.
– Med fritidskortet skal barn i kommunen få like moglegheiter til deltaking i fellesskapet. Det seier Norvall Klungresæter, leiar for kulturavdelinga i Bremanger kommune.

Fritidskortet er ei ny ordning i Bremanger som gjev 2200kr til kvar person mellom 6 og 18 år til fritidsaktivitet på kommunen sin rekning. Med det vil unge kunne delta i fellesskapen og skape gode sosiale forhold, utan å tære på familieøkonomien. 

Felles visjon 

I 2022 signerte blant anna Vestland Fylkeskommune og KS Vest under på fritidserklæringa. Med det skal kommunane i fylket arbeide mot ein felles visjon: «Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre». 

– Det klaffa eigentleg veldig godt, då kommunen allereie var i gong med å etablere rekrutteringspakken. Det vart naturleg at fritidskortet skulle verte ein del av det, seier Norvall. 

Ved hjelp av fritidskortet får omtrent 450 unge i kommunen høvet til å delta i organisert fritidsaktivitet, heilt gratis. 

– Eit sosialt fellesskap og ein følelse av tilhøyrsle er enormt viktig for livskvaliteten, understrekar Norvall. – og for born med dårlegare økonomi er det spesielt stigmatiserande å ikkje kunne delta på lik linje som sine jamgamle. 

Digital løysing 

Namnet «Fritidskortet» kan vere misvisande, då det ikkje er eit fysisk kort ein betalar med. Kommunen brukar den digitale betalingsløysinga Friskus, der føresette kan betale medlemskontingentane til organisasjonar med dei 2200 kronene. 

For å kunne nytte midlane på Fritidskortet må barnet eller ein føresett, i tillegg til organisasjonen det skal betalast til, ha konto på Friskus. 

Ordførar Anne Kristin Førde har lenge hatt fritidskortet som hjartesak. 

– Eg er så glad at vi no kan tilby barn og unge dette, seier ho nøgd. 

Kontaktpersonar: 

Leiar kultuavdelinga, Norvall Klungresæter 
tlf.: 91658547 
e-post: norvall.klungreseter@bremanger.kommune.no 

Ordførar Anne Kristin Førde 
tlf.: 99169091 
e-post: anne.kristin.forde@bremanger.kommune.no 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.