Inge Arstein (70) jobbar som trafikkvakt på strekninga som blir sikra forbi Svelgsvatnet, og Sørdalsvatnet. Sunnfjordingen er frå Straumsnes i Dale, men bur no på Sande i tidlegare Gaular kommune.
Inge har jobba på anlegg heile sitt vaksne liv.
– Eg begynte som skytebas i 1976. Sidan den tid har eg skote tunell over heile landet, seier han. Først for Høyer-Ellefsen som er ein kjend entreprenør for folk i Svelgen. Seinare for Vegdekke, og no sist for AF Gruppen som skal skyte den nye skipstunnelen gjennom Stad.
Arstein er pensjonist, men innleigd for å vere med på fjellsikring langs fylkesveg 614 i Bremanger kommune.

Arstein passar på at bilistane kjem trygt forbi anleggsområdet.
Ferie i veke 28, 29 og 30
Det er fylkeskommunen som er oppdragsgjevar når Sogn Vegdrift gjennomføre reinsk og sikring av det som blir kalla registrerte skredpunkt ved Straumane. Arbeidet starta opp i mai, og skal halde fram utover hausten, og til oktober.
I veke 28, 29 og 30 har entreprenøren ferie. Då er det altså fri ferdsel.
Ferie frå i kveld
Prosjektleiar Andrine Orrestad, som arbeider for Sogn Vegteneste, seier i ein e-post at det vil vere redusert fartsgrense forbi arbeidsområdet gjennom ferien. Arbeidet vert avslutta klokka 20.00 i kveld.

Den raude markøren viser Straumane der Sogn Vegdrift arbeider med sikring av fjellet.