Salsutstilling på Lofnes i Leirgulen

Lars Einar Tveit stiller ut på Lofnes.
Lars Einar Tveit stiller ut på Lofnes.
Bergenskunstnar Lars Einar Tveit kjem til Leirgulen med bileta sine. Staden er Hornelen Panorama på Lofnes. Hornelsvegen 1693.

Utstillinga har fått namnet SJØHUS, og du kan kjøpe måleri om du ser noko du likar. Lars Tveit er kjent for motiv som handlar om det tittelen på utstillinga indikerer, nemleg kysthusa på Vestlandet. Med sterke fargar og klare kontrastar er han kjent for å uttrykke kystkulturen på sin heilt unike måte.

Lenger sør på Vestlandet har han hatt fleire slike utstillingar, mellom anna i Skudeneshavn i Rogaland. Og han er innkjøpt av fleire. No kjem han for første gong til Nordfjord, og gamle Sogn og Fjordane.

Hornelen Panorama
Steffen og Gunhild Lofnes er vertskap for utstillinga som skal vere på heimegarden i Leirgulen. Der driv dei også  reiselivskonseptet Hornelen Panorama.

I samband med utstillinga blir låven gjort om til galleri. Det same vil gjelde for rorbua «Lisjebuda», den gamle eplehagen, og ikkje minst det ein må kunne kalla ein spektakulær overnattingsstad; «Smia» på Lofnes.

Kunstutstillinga er helga 25. – 26. april. 11.00 til 17.00 begge dagar.

Adressa for utstillinga er Hornelsvegen 1693, 6734 Rugsund.

Kunstnar Lars Einar Tveit.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.